Blog

Aktuelt, Kultur, idrett og fritid

Bokbad med Jørgen Norheim på Os bibliotek

Drama, nasjonsbyggjing, revolusjonært studentliv, skuld og ansvar, fjellgardar, ein skitur på Femunden, og kanskje litt om neste bok…

Jørgen Norheim er forfattar, historikar, T-baneførar og tidlegare redaktør i Syn og Segn. Han er fødd i Sollia, oppvaksen i Valdres, og bur no i Berlin. Med hytte på Os, er han mykje i Nord-Østerdal. Han har skrivi «Adjutanten», «Aldri redd før mørkets makt», «Ingen er så trygg i fare», «Mars» og «Liten svein i bærskog ut», og er nominert til Brageprisen og Nordisk råds litteraturpris. Han fletter historiske hendingar og reelle personar inn i romanane og dekkjer mange sider ved norsk og internasjonal historie. Samstundes bringer han den personlege konsekvensen inn i dei store hendingane. Den siste boka hans, «Aldri redd for mørkets makt» er ein historisk roman og ei familiehistorie med stalinismen som bakteppe.
Jon Ola Kroken intervjuar Norheim.

Inngang kr 100,-. Kaffeservering.
Støtta av Den kulturelle spaserstokken, åpent for alle.

X