Blog

«Stien eg fann» er tittelen plata, henta frå ein av songane Gro sjølv har skrivi. Lanseringskonserten er i Vintervukku – på Os samfunnshus sundag 11. mars kl 18.00. Deretter blir det fleire plateslepp-konsertar kring i landet.

Gro har med seg musikarane Øystein Sandbukt (gitar), Marit Aspås (cello) og Erik Fostervoll (trøorgel). Øystein er frilans gitarist og distriktsmusikar (Møremusikarane) med base i Sunndal, Marit er frilans cellist busett i Trondheim, med TrondheimSolistane som sin største oppdragsgjevar. Erik er kulturskulelærar og kantor i Nesset kommune.

Plata inneheld vàre bånsullar, dansande slåttar, forteljande viser, trøstande salmer og artige stubbar. Av heilt lokale songar får du høyre «Heimbygda» med tekst av Edvard Eggen og «Tona», tekst og melodi Arnold Langøien. Ellers hentar ho repertoar frå Røros, Nordmøre og Romsdal, i tillegg til eigenskrivne viser som «Stien eg fann» og «Naboens gyngestol», som er hennar uttrykk i dag.

Plata kjem ut på Ta:lik records, og kan kjøpast på Platekompaniet, iTunes eller strøm på Spotify, Tidal etc frå 11. mars.

Gro har vore utøvar innan vokal folkemusikk i over 20 år, og har tileigna seg eit breitt repertoar av songar ho har brukt på konsertscener rundt om. Noko av motivasjonen for plata er å dokumentere dette verdifulle stoffet. At ho har med eigne songar er óg ekstra spennande. Gro seier at det har vore viktig å bruke si eiga musikalske stemme og velgje ut sine eigne favorittar.

Dette er altså den første soloplata, men Gro har tidlegare medverka på ei rekkje innspelingar, mellom anna «Til deg» med Tre begrædelige piger, som vart nominert til Spelemannsprisen i klasse folkemusikk i 2004. Til dagleg er ho musikkpedagog i Os kulturskule, dirigent og utøvar innan folkemusikk.

Etter konserten sundag den 11. serverer Os damekor kaffe og kaker i Fensal.

Billettar kr. 200/100,- inkl kaffe/kaker, betaling ved inngang. For billettreservasjon, ring Os kommune (sentralbord) tlf 62470300.

X