Blog

Aktuelt, Kultur, idrett og fritid, Nyheter

Erik Lukashaugen, Hans Børli, Arve Tellefsen og Os mannskor

Ja, ikkje alle samtidig da, men – desse artistane og kunstnarane tilbyr to store kulturopplevingar i Os i haust.
Måndag 1. oktober kl 19.30 i Os samfunnhus: «Syng liv i ditt liv» – ei konsertforestilling i Hans Børlis univers. Med Erik Lukashaugen, skodespelar Glenn Luijbregts og musikarane Tarjei Nysted, Børge Verbaan, Erik Normann Sannes Aanonsen og Pål Terje Antonsen. Tekstar er av Hans Børli, musikk av Erik Lukashaugen og regi er ved Glenn Luijbregts.

Syng liv i ditt liv turnerer i Hedmark i haust, og Os er einaste stad i vår region som får besøk. Billettar kan reserverast ved servicetorget i Os kommune, tlf 62470300 / e-post: postmottak@os.kommune.no.

Sjå trailer for forestillinga her.

 

Søndag 11. november inviterer Os mannskor til stor konsert i Os kyrkje med Arve Tellefsen. Annonsering og informasjon om billettreservering kjem, men merk datoen!

Båe konsertane er støtta av Den kulturelle spaserstokken, Os kommune.

X