Blog

På 200 års-dagen for innflytting på Klokkervangen lanserte Per Harald Grue boka “Klokkervang 1822-2022”. Boka er eit omfattande verk der forfattaren hadde tre hovudmål:

  1. Å ajourføre og korrigere slektsregistre
  2. Å publisere eit rikt bildemateriale
  3. Å få med historien om forfattaren, hans generasjon og fedre-generasjonen – d.v.s. tidsperioden frå 1890-2000.
  4. Å skrive artiklar om spesielle tema som emigrasjon til Amerika, om Thoralf Grue som bygdebokforfattar og kulturbyggjar, om seterbøkene på Kløftåsen og tidsbileteta dei gjev, og om kulturlandskapsåpninga på Kløftåsen i 2009.

Boka gjev óg interessante innblikk i liva til einskilde karakterar – både av gode og vonde livssituasjonar og -valg.

Per Harald Grue har teke utgangspunkt i Thoralf Grue si bygdebok, og hans tidlegare bok om Klokkervangen, samt si eiga bok frå 1997. Det er eit imponerande arbeid som har ført fram til eit verk på 617 sider med eit rikt bildemateriale.

Hovudbygningen på Klokkervangen er no ferdig restaurert utvendig av Randi Brænd og Tore Grue, og det innvendige skal óg restaurerast til opprinneleg stand. Det gjev perspektiv å stå inne i den opprinnelege stova, som vart teken i bruk på same dato som boklanseringa – for 200 år sidan. 36 ungar har vakse opp i dette tunet.

Dette er ei interessant bok med viktig dokumentasjon av slekts-, gards- og bygdehistorie i vår region.

Boka kan kjøpast hjå:
Per Harald Grue, mob 970 33 526, e-post pharagru@online.no
Arne Grue, mob 901 70 566, e-post arngrue@online.no

 

 

 

X