Blog

Aktuelt, Kultur, idrett og fritid, Nyheter

Nytt frå kulturkontoret: Vintervukku, teaterkurs og bibliotekprosjekt

Vintervukku Os 2018

Vintervukku 7.-14. mars 2021

Det blir Vintervukku – om enn i ei anna form enn vanleg, grunna Koronna-situasjonen. Tradisjonsmat, feiring av Kvinnedagen, konsertar og andre arrangement innandørs går ut i år. Ei ivrig styringsgruppe har settt saman eit fint program tilpassa situasjonen:
Digital quizkveld (Dalsbygda samfunnshus), digitalt UKM – både kunstutstilling og forestilling med Ungdommes kulturpris. På Hagenjordet viser Os skole iskunst og lagar rebusløp. Der er óg Bifrost som er åpent alle dagar, med fagdag om kutagl-såler torsdag den 11. Fredag blir det Barnas dag på Os og Dalsbygda skoler, og søndag familiedag ved Buoddtjønna i Tufsingdalen. Så er det rebusløp på skihyttene, hopprenn og Dalrennet.

Smittevernreglar gjeld på alle arrangement.

Vintervukku sitt 30 års jubileum og Arnold Langøien markerer vi neste år.

Fullt program blir publisert her når det er klart. Følg oss óg på Facebook, og nyt filmen med fine minne frå tidlegare Vintervukku så lengje.

Teaterkurs for ungdom i Vinterferien

Teater i Fjellregionen (TTRAFO) arrangerer gratis teaterkurs for alle ungdomar fødd mellom 2004 og 2007. Bli med!

Kurset foregår i Smea på Tynset kulturhus i vinterferien (uke 9, 1.-5. mars), kl 10-15 kvar dag.
Måndag: teaterleik/impro
Tysdag: sang/kor/stemme
Onsdag: dans
Torsdag: figurteater
Fredag: teaterleik / hygge

Påmelding: Send e-post til post@teaterifjellregionen.no med namn på deltakar, fødselsdato, samt e-post og telefonnummer til foresatt(e). Meld deg på heile veka eller enkeltdagar. Grunna Covid-19 er det begrensa med plassar, så her gjeld det å kaste seg over e-posten og melde seg på.

Spørsmål? Ta kontakt på e-post, facebook eller på telefon 936 88 607

 

Bibliotekprosjekt 2021

Biblioteka i Fjellregionen har god tradisjon for samarbeid og prosjektjobbing. Rendalen, Folldal, Tynset, Tolga og Os bibliotek har i år fått kr 90 000 frå Nasjonalbiblioteket til prosjektet “Ei bok for alle alltid” (foreløpig tittel). Formidling av god litteratur står i sentrum – det er så mange gode bøker, men det er ikkje alltid like lett å finne boka som passar for nett deg. Dette skal bibliotekarane ta tak i – med podcastar med litterære freistingar, anbefalingar frå kjende og ukjende personar, og nokre spennande arrangement på kvart bibliotek. Nord-Østerdal kulturforening og andre aktørar er samarbeidspartnarar.

Oppstartmøtet var fredag 5. februar, og bilbioteksjefane planlegg å publisere interessante podcastar og fine arrangement utover både dette og neste år. Følg med!

På bildet: Kari Skancke Langen (Tolga bibliotek) Oddveig Kværnes Bakkom (Rendalen bibliotek), Anne Kristin Rødal – på Teams (Os bibliotek Bjørnsons minde), Marina Pettersen (Folldal bibliotek) og Ellen Lie (Tynset bibliotek).

X