Blog

Aktuelt, Kultur, idrett og fritid, Nyheter

Simen Mitlid – frå UKM til chanty indiefolk

Det er mange godbitar å gle seg til i Vintervukku i år. Ein av dei er konserten med Simen Mitlid etter UKM vernissage måndag 5. mars.

Kvifor konsert under UKM?
«UKM er ein super arena for ungdom innan mange genre», seier Simen. Sjølv deltok Simen på UKM da han gjekk på ungdomsskule på Os og på musikklina på Tynset vidaregåande. Han stilte med forskjellige band og framførde eigne songer. Den gongen hadde Tynset felles UKM for fleire kommunar. Simen har stor tru på utviklinga no, at Os har lokal mønstring, og at alle produksjonsledd i ei forestilling er med: Dei som står på scena, lyd, ljos, teknikk, dekor, scenearbeid, konferansier, servering, kafé, rigging, rydding, PR, web-publisering mm. Alt nødvendig for å lage gode produksjonar. Det er så viktig at det er meir fokus på alle funskjonar i mønstringane.
Simen heier på UKM, og oppfordrar alle til å melde seg på!

I dag driv Simen med musikk på heiltid. Han skriv eigne songar, er på turné, spelar i fleire band, er produsent, og har eige forlag og eige plateselskap. Så har han småjobbar innimellom for å spe på økonomien. I desse dagar er han på hytta for å spela inn nytt album.

EP- debuten «While We Wait» kom i 2015, og i 2017 kom debutalbumet «Everything Is the Same». Dette albumet er spelt inn i diverse krikar og krokar i Østerdalen, Oslo og Canada, og fleire av singlane har gjort det stort både internasjonalt og nasjonalt. Musikken er karakterisert som melankolsk, men catchy indiefolk. No er det altså nytt album i vente.
Simen fekk i 2014 Os kommunes utviklingsstipend.
Konserten på Os den 5.mars er med Simen, Hans Olav Settem, Emilie Catrin Korsvold, Marit Othilie Thorsvik, Anders Søvik Hjelden og Sondre Fredrikstad.

Velkomen – og høyr på dette så lengje!

Programmet til Vintervukku finn du her

X