Blog

Gro Kjelleberg Solli er godt kjend for alle i regionen med sine konsertar, kor og undervisning. Ho ga i vår ut si fyrste solo-plate «Stien eg fann» på selskapet Ta:lik, og lanserte den på ein nydeleg konsert i Vintervukku i Os samfunnshus. CD-en har fått svært god mottaking hjå anmeldarar og publikum, og på turnerar kring i landet. No går turen til Folkelarm-festivalen i Oslo. Der skal Gro og medmusikarane Øystein Sandbukt, Marit Aspås og Erik Fostervoll ha tre konsertar, og Gro er altså nominert til den gjeve Folkelarm-prisen. Det er fire nominerte i klasse «Tradisjonelt samspel»: Gro Kjelleberg Solli, Margrete Nordmoen, Sogesong og Sudan Dudan. Folkelarmprisen er folkemusikken og verdsmusikken sin eigen platepris, og han har vore ein viktig del av Folkelarm sidan starten i 2005. Plateprisen er open for alle former for tradisjonsmusikk utøva av musikarar – med norsk eller ikkje-norsk bakgrunn. Albumet må være utgjeven i Norge i tidsrommet 31. august året før til 1. september det året prisen blir utdelt.

Gro har tidlegare medverka på ei rekkje sceneproduksjonar og plater. To av platene er blitt Spelemannprisnominert: «Til deg» (2003) med vokaltrioen Tre Begrædelige Piger og «Juledrøm» (2006) med Majorstuen. Solli har òg vunne A-klassa i vokal på Landskappleiken to gonger, seinast i 2012. Medmusikarane Øystein Sandbukt, Marit Aspås og Erik Fostervoll har ho samarbeidd lenge med, og saman får dei fram eit særeige uttrykk som kler musikken. Sollis eigenskrivne vise «Naboens gyngestol» er blitt svært godt motteken, og er for tida på A-lista i NRK Møre og Romsdal.
Musikk, kunst og kultur er viktige næringsvegar i Fjellregionen og ikkje minst i Os kommune.
Vi ynskjer Gro lykke til med konsertane og prisutdelinga i Oslo!

X