april, 2022

Informasjon
USA korrespondenten Lars Os fortel om arbeidet sitt og samtalar med redaktør Guri Jortveit Det blir høve til å stille spørsmål, Os mannskor syng ei lita avdeling, og sjølsagt blir det
Informasjon
USA korrespondenten Lars Os fortel om arbeidet sitt og samtalar med redaktør Guri Jortveit
Det blir høve til å stille spørsmål, Os mannskor syng ei lita avdeling, og sjølsagt blir det tid til kaffe og prat.
Med stødig og godt språk og på Os-dialekt dekker Lars Os eit mangfald av nyheiter frå USA, anten det er storminga av Kongressen, reportasjar frå landsbygda eller Oscar-festen.
Difor har Austmannalaget som er fylkeslag for mållaga i Hedmark og delar av Oppland bestemt at Lars Os får Dialektprisen 2021.
Dialektprisen er ei påskjøning frå Austmannalaget til personar eller institusjonar som har gjort framifrå arbeid for dialektane – anten ved sjølve å vera gode talskvinner eller menn for dialektreisinga, eller gjennom opplysing og forståing for dialektbruk gjennom vitskapleg, kulturelt eller målpolitisk arbeid.
Lars Os kjem i godt selskap med t. d. Guren Hagen frå Rendalen og totningane Narum og Vazelina Bilopphøggers som også har fått Dialektprisen.
Arr: Austmannalaget, Nord-Østerdal dialekt- og mållag / Os kommune, kulturkontoret
Tid
(Mandag) 19:30 - 21:30
Sted
Os Samfunnshus