Blog

Aktuelt, Kultur, idrett og fritid, Nyheter

Rune Aas gjev ut bok om NATO-anlegget på Håmmålsfjellet

Sommaren 1958 fekk ein ung Rune Aas jobb som brakke- og hjelpegut ved Ing. F. Selmer, som var ansvarleg entreprenør for bygginga av NATO-anlegget på Håmmålsfjellet. Dette vart ei spennande oppleving for 16-åringen, og interessa for anlegget vart vekt. Historien kring NATO-anlegget er kanskje den viktigaste hendinga i Os, og grunnlaget for den vidare utviklinga i lokalsamfunnet. Dette meiner Rune Aas det er viktig å dokumentere, og no gjev han ut bok om prosjektet.

Radarstasjonen på Håmmålsfjellet hadde ei viktig rolle under Den kalde krigen. Boka fortel om oppstarten av anleggsverksemda i 1958, om drifta frå 1963 og fram til avviklinga i 1987. Det er fakta-opplysningar, mange gode foto, og personlege historiar – frå dramatiske og hasardiøse operasjonar i høgfjellet, kvardags- og arbeidsliv, politikk, sosialt liv med meir.

Rune Aas er fødd på Os i 1942, har sin yrkesbakgrunn frå Tandberg radiofabrikk og Kjeller elektronikk. No er han pensjonist med hytte i Nørdalen. Mange har medverka til boka med dokumentasjon, bilete og eigne historiar.

Boka er til sals på Tolga-Os sparebank på Os, Tolga og Tynset, og på Amnæus boghandel på Røros.

X