Blog

Aktuelt, Kultur, idrett og fritid, Nyheter

Kulturprisen 2024 til Jon Holm Lillegjelten

Jon Holm Lillegjelten vart i går kveld tildelt Os kommunes kulturpris 2024. Ordførar Ivar Midtdal overrekte prisen på Dalsbygda bygdekvinnelag sitt Vintervukku-arrangement i Dalsbygda samfunnshus. Jon Holm Lillegjelten mottok prisen – kr 10 000 med diplom – til ståande applaus frå publikum. Her er Formannskapet si grunngjeving for prisen:

Os kommune er godt forspent med kompetanse og arbeid innan lokalhistorie, kulturminner og kulturminnevern. Årets prisvinnar er ein verdig representant for dette fagfeltet.

Han har ei stor og brennande interesse for historie og kulturminnevern, og har gjort – og gjer – ein enorm innsats på dette området. Ein tradisjonsbærar, informant, formidlar, handverkar, eit lidenskapeleg fagmenneske, dokumentalist og skribent.

Prisvinnaren fekk si utdanning på Snekkerskola på Os, på Storsteigen vidaregåande skole, og ikkje minst av Johan Røste. På Storsteigen møtte han óg «sitt livs utkårede». Han har vore tilknytta Rørosmuseet og bygningsvernsenteret sidan 1998, fast tilsett sidan 2000, og seinare engasjert i ymse prosjekt. Han har vore sentral i historieforteljing som angår heile regionen og Verdensarven med Circumferensen:

  • Informant, kunnskapsgrunnlag og dokumentasjon for bygningsgjennomgangen og fredningsprosessen ved Røros kobberrverk sine eigedomar.
  • Informant for Statsbygg og Klima- og energidepartementet i mange saker.
  • Etablering av Handverksdagane som nasjonalt møte- og kursstad.
  • Deltakar i istandsettingsprosjekt i Slaggvegen.
  • Rekontruksjon av kalkbrenningstradisjonen.

I Os har han halde uttallige foredrag, historie- og bildekveldar. Han har vore leiar i Historielaget i ein mannsalder, leiar i museumsstyret, styret for stiftelsen Musea i Nord-Østerdal, mangeårig redaksjonsmedlem og bidragsytar til Hembygda, skribent i årbok for Nord-Østerdal, deltakar i rekonstruksjon av vasshjulet i Vangrøftdalen – eit prosjekt i samarbeid med Dalsbygda skole, stampanlegget ved Høsa, styremedlem i og etablering av Nørdalen natur- og kultursti og bygging av kølbrenneranlegg og det årlege arrangementet i Nørdalen (Kølbrennerdagar, Smiedagar og Blesterdagar). Han har dokumentert og fortald historien om skiferbrota i Os. Han fekk kverna i Røbekken i Narjordet til å virke og har hatt demonstrasjonar av denne. Og han har vore med i styret i Os IL, skigruppa, Bersrennet, Høsenfjellhytta og Dalsbygda fotoklubb.

Dei viktigaste stikkorda for årets prisvinnar er formidling, arbeidsinnsats og dokumentasjon. Han er ein habil fotograf og samlar og formidlar dette – mellom anna gjennom utstillingar og bildekveldar. Nesten uansett kva tema det er snakk om, kan han stille med eit relevant fotografi. Han driv med slektsgransking og gardshistorie. Skulane har brukt han mykje og han er ein levande og dyktig formidlar med godt språk og flott Os-dialekt der alle grammatikalske kasus er på plass. Til slutt er han ein ivrig bidragsyter i ymse dugnader, ein sprek skiløper og friluftsmann, senior-dansar, skodespelar i barnebarna sine filmar, og han er ein likandes, interessant og positiv kar med ein misunnelsesverdig hukommelse.

Os kommune gratulerer Jon Holm Lillegjelten med kulturprisen 2024!

Foto: Jon Sagbakken, Arbeidets Rett.

X